Anda andelsgard

Anda andelsgard ligg på eit småbruk sentralt på Klepp stasjon i Klepp kommune. Andelsgarden har matbutikken som næraste nabo, jernbanestasjonen 400 meter unna og ein busstopp rett i nærleiken. På ein halvtime kan du reisa hit kollektivt frå Stavanger i nord eller frå Ogna i sør. Ta kontakt!

Storleiken på gardsbruka på Jæren har vakse i takt med den materielle velstanden. Få eller ingen lever i dag av ein såpass liten bit av Jærens rike matfat som garden vår.
I takt med velstandsauken der me kan kjøpa det me treng av mat på butikken, aukar avstanden til jorda og dei som produserer maten. Kanskje er det nokon som ønskjer å minka denne avstanden, nokon andre enn oss som ønskjer å kjenna mold mellom fingrane, som vil gle seg over det som spirer og gror og som vil sjå kor maten kjem frå. Kan fleire få meir nærkontakt med og glede av den gode matjorda vår? Anda andelsgard starta opp med 20 andelshavarar i 2021. I 2022 auke med til 40 og i 2023 er 60 andelshavarar med. Dei fleste andelslandbruk driv etter økologiske prinsipp, noko me også gjer. Andelsgarden vår er organisert som eit einmannsføretak der me som eigarar har hovudansvaret for drifta. På våren kallar me inn til eit årleg møte der me går gjennom rekneskap for førre år og budsjett for komande år. Andelshavarane kan også koma med ønskje og tips til kva me saman skal dyrka det neste året.
Ta kontakt om du er interessert i å bli andelshavar.