Anda andelsgard

Anda andelsgard er eit bondestyrt andelslandbruk på eit småbruk i bygda Klepp stasjon på Jæren. Her dyrkar vi grønnsaker og urter etter økologiske prinsipp. Vi starta Anda andelsgard i 2021 med 20 andelshavarar og har utvida gradvis til 80 andelshavarar i 2024. Ta kontakt om du er interessert i å bli andelshavar.

Landleg og sentralt

Anda andelsgard har adresse Klepp stasjon. Klepp stasjon er ei lita bygd med skule, barnehage, butikk, sjølvsagt togstasjon - og nå også Anda andelsgard. Andelsgarden ligg på eit småbruk ti minutts gange frå togstasjonen, med både butikk, bustadfelt og gardsbruk som næraste naboar. Med tog frå Klepp stasjon kan ein koma seg frå Stavanger i nord til Ogna i sør på ein halvtime.

Oppstart og drift

Anda andelsgard starta i 2021 med 20 andelshavarar. Andelsgarden er bondestyrt og er driven av Randi Klingsheim Bø og Tormod Bø. Vi har utvida år for år, og sesongen 2024 har vi plass til 80 andelshavarar. Vi dyrkar poteter, grønnsaker og urter og driv etter økologiske prinsipp. I tillegg til vanleg grønnsakandel har vi 25 veksthusandeler med tomat, agurk og paprika.

Geiter, bier og blomar

I tillegg til andelsgarden har vi katt, eit par geiter og nokre høner på hobbybasis, så her kan andelshavarar og andre også få kontakt med dyr. I 2023 starta Randi også opp Anda blomstergard på garden vår med dyrking av snittblomar for salg, til glede for både folk og insekt. Ein svoger av oss har også bikubene sine på garden vår.

Ta kontakt

Er du interessert i å bli andelshavar, så send ein e-post til oss. Om vi har ledige plassar for sesongen, skriv vi deg på lista, og viss det er fullt, kan du stå på venteliste til neste sesong. Har du berre lyst å få meir info eller koma på besøk, så ta også gjerne kontakt.