Eikanes andelshage
Eikanes andelshage ligg 4 km vest for Etne sentrum i Sunnhordland. Andelshagen produserer grønsaker, urter og poteter og er ein del av garden Eikanes som i sin heilskap er Debio-godkjent økologisk. Som andelshavar kan du velje mellom å hauste sjølv eller hente ferdighausta kassar på garden.
Andelshagen starta opp i 2017 med 15 dedikerte andelshavarar. I dei påfølgjande sesongane har talet på andelshavarar vore det same, men i tillegg har me også levert ein god del grønsakskassar og vore med på bondemarknadar. Ettersom grønsaksdyrking var heilt nytt her på garden, har me nytta tida på å tileigne oss kunnskap og erfaring samstundes som me har blitt kjende med andelsmodellen.
Etter tre vêrmessig utfordrande sesongar er konklusjonen at det meste veks og gir gode avlingar, og at andelseigarar er svært takksame menneske. For sesongen 2020 vil me difor ønske fleire andelshavarar velkomne. Det vil i alle fall vere rom for 30 andelar. Andelshagen er ein del av gardsbruket Eikanes og er bondestyrt. Det er ikkje obligatorisk dugnad, men det blir sendt ut invitasjon når det er større ting på gang i åkeren, slik at dei som ønsker det får høve til å vere med. Det er også mogleg å hjelpe til kva tid ein måtte ønske. Dei som hjelper til med arbeidet, får ein litt meir rundhanda andel som takk.
Det blir dyrka 30–40 ulike grønsaker på om lag 3 mål, men området som er sett av til andelshagen, er over dobbelt så stort. I tillegg er det eitt mål med potet og 80 kvm drivhus der tomat og agurk er faste innslag. Ein urtehage er også under oppføring og vil bli tatt i bruk sesongen 2020. Heile garden blir driven etter økologiske prinsipp og er godkjend av Debio si sertifiseringsordning.
Ein andel kostar 3000,– dersom du kjem og haustar sjølv. Om du vil at me skal hauste for deg, kostar det 4000,–. Då haustar me ein grønsakskasse til deg om lag annakvar veke som du kan komme og hente på bruket eller få levert på døra mot tillegg i pris. Det er også mogleg å få familieandel.
Me sender ut haustemeldingar på e-post for ei eller to veker om gongen, alt etter kvar i sesongen me er, og du kan då komme og hauste andelen din når det passar deg.
Om du er interessert i å bli andelshavar eller bestille grønsakskassar, er det berre å ta kontakt med Ingemund Thorsheim Askeland på telefon eller e-post.
Velkomen til Eikanes andelshage!

Anda andelsgard

Andelshagebruket Røed på Jeløy

Andelslandbruk Enga

Andelslandbruket bortom elva

Austrått andelsjordbruk

BAKKEN ANDELSGÅRD

Bamble andelsgård

Bjørkedalen andelslandbruk
Bodø Andelslandbruk

Brånås Andelsgård
Dale Store gård

De Haes andelslandbruk

Dine Røtter AS

Dun andelslandbruk

Dysterjordet andelslandbruk

Egge museum andelslandbruk

Eidsvoll Andelslandbruk

Eikanes andelshage

Evju andelsgard
Falang andelsgård

Fornebu samdyrkelag

Frilund Gård

Gjerdsbakkane

Gjerstad andelslandbruk

Grette andelsgård

Grøtjern andelslandbruk

Hadeland andelslandbruk

Hadland andelslandbruk
Hals Andelsgård
Haugneset andelsgård

Holt andelslandbruk
Hurdal Økolandsby Andelslandbruk

Husebyjordet andelslandbruk

InnomHaug Andelslandbruk

Kirkeby andelslandbruk

Kirkeparken Samdyrkelag

Kirkerud Andelsgård

Kristiandsand andelslandbruk

Langekjenngård

Langesøy
Lillestrøm samdyrkelag

Linderud andelsgård

Lønning Lutlandbruk

Løren samdyrkelag

Lyngdal Andelslandbruk

Mandalen Andelslandbruk

Markedshagen på Dokka

Mære andelslandbruk

Medalhus Andelslandbruk

Moland andelslandbruk

Ner Salberg
Nerol økologiske andelshage
Nes Andelsgård

Ommang Søndre andelslandbruk

Oppetveiten økologiske gård

Osternes Andelslandbruk

Porsgrunn andelsgård

Reppe Søndre

Rølia Andelslandbruk SA

Røst andelslandbruk

Sandnes andelslandbruk

Skjølberg Søndre

Solbakken andelsgård

Solbakken på Berg andelsgård SA

Solberg andelsgård

Solneset Andelsgård
Sø-Strøm Gård

Søndre Ve andelsgård
Sørgarden Stangnes
Spiren andelslandbruk

Strandabruket Andelsgard

Svanhovd andelslandbruk

Sverdstad andelslandbruk
Sylling andelslandbruk

Toregarden Naturfarm
Tutturen Gård

Tveten andelsgård

Ulvik Andelslandbruk på Undeland Gard

Vaar gård

Vie Andelslandbruk SA

Viker Røed andelsbruk

Vikhammer Andelsgård SA

Virgenes andelsgård

Voksenenga nærmiljø- og andelshage

Ødeverp andelsgård

Ørsta Andelsgard SA
Øver-Bakken andelslandbruk

Øverland andelslandbruk
Ådland andelslag

Åmot, Bjerke og Opaker Gård i Solør
Århus Andelslandbruk
