Hima-Grønt

Hima-Grønt er ein marknadshage på circa 2.5 mål i Nedstrand. Me dyrkar etter regenerative metoder og produserer grønsaker og blomar på ein måte som er bra for forbrukeren, bra for bonden og bra for jorda. Som andelshaver får du grønsaker kvar veke i sesongen, med ein dags arbeid på marknadshagen.

Om Hima-Grønt

Hima-Grønt ligg i Nedstrand på Haugalandet. Her har der blitt dyrka økologiske grønsaker, urter og blomar sidan 2016 gjennom eit andelslandbruk kalla Andelslandbruk Nedstrand. I 2019 starta Hima Grønt som er eit foretak som driv etter prinsippet “marknadshage”. Me har eit mål å vera eit samlingspunkt i bygda, å gje folk høve til å læra om økologiske regenerative prinsipp, samt engasjera folk i norsk landbruk og matproduksjon. Frå 2022 satsar me på fleire salskanalar. Ein av dei er ein andelsordning for privatkunder som vil ha grønsaker levert ferdig pakka gjennom heile sesongen. Andre salskanalar er sal direkte frå ekra, rekoringar i distriktet og nokre restaurantar på Haugalandet

Lyst på å læra meir om økologiske og regenerative prinsipp, eller korleis ein dyrkar mat heime hjå deg? Ta kontakt med Anne Grete for å få tilbod på båe digitale og fysiske kurs og foredrag: ag.bjorknes@haugnett.no

Me tilbyr òg omvisning og tur gjennom ekra heile sesongen, vanlegvis på ein laurdag men grupper kan òg ta kontakt med Anne Grete for å finna eit tidspunkt som passar.

Andel hjå oss

Andel hjå oss
Ved å kjøpa ein andel her får du ei kassa kvar eller annankvar veke som dekkjer grønsaksforbruket til ein vaksen gjennom sesongen (juni til november). Du får ein andel av produksjonen frå garden med friske, kortreiste grønsaker som er i sesong.

Som andelshaver støttar du verdifulle og framtidsretta arbeidsplassar og distrikta og bidreg til å sikra eit mandfaldig og berekraftig landbruk i Noreg.

Bur du i Nedstrand/Skjoldastraumen området? Då levere me rett til døra di. Bur du lengre unna kan du hente på garden eller ved eit hentepunkt nær deg.

Andelstypar

Andel med dugnad: 5000kr
Andel utan dugnad: 5500kr

Som andelshaver får du høve til å delta i arbeidet i marknadshagen. Ynskjer du ikkje den moglegheiten er prisen på andelen noko høgare. Dugnaden er ei sosial arena kor deg som andelshaver er med å hjelpa oss ein helgedag i sesongen med utplanting, innhausting eller anna oppgåvar tilknytta årstida. Der blir 10-15 andelshaverar som bidreg med arbeid mellom kl 10 og 16, medan me bidreg med kaffe og ei omvising av hagen.

Dugnaden er ein hyggeleg måte for oss å bli kjent med kvarandre, og å skapa felleskap og tilknytting kring maten me produsere.

Viss du ikkje har anledning til å bidra med dugnad, er det òg mogleg å kjøpa andel utan dugnadsplikt.

Levande bygder, levande landbruk, levande jord

Levande bygder
Her på Hima-Grønt vil me vera eit av mange samlingspunkt i Nedstrand. Vårt mål er at Hima-Grønt skal bidra til å forsterka lokalsamfunnet og skal vera ein plass kor folk blir kjent med kvarandre og med maten dei et.

Me støttar levande distrikt i heile Tysvær og Noreg, og syns at lokal matproduksjon er eit tiltak som bidreg til eit desentralisert Noreg der folk kan bu der dei vil.

Levande landbruk
Kjøp lokalt. Me vil at haugalendingar kan få grønsaker som kjem frå Haugalandet, kor dei veit at matprodusenten har det bra. Då kan dei vera sikre på at maten kjem frå ein plass med gode arbeidsvilkår.

Bondeopprøret i 2021 syna alle i Noreg det som mange visste allereie: matprodusentane treng meir for varene sine. Ved å kjøpa frå Hima-Grønt sikrar du at 100% av prisen du betalar går til matprodusenten.

Levande jord
For å ha ei levande jord treng jorda karbon. Hjå oss bruke me kompost, anten frå matavfall eller skit frå gardar rundt oss. Karbonen matar jordlivet, jordlivet matar plantene, plantene matar oss.