Nerol økologiske andelshage

Nerol økologiske andelshage ligg midt Holsbygda. I andelshagen kan andelshaverar få glede av å dyrke eigne lokale økologiske grønnsaker, poteter, urter og blomar. Andelslandbruk er å dele ansvar, avling og risko gjennom året.

Nerol økologiske andelshage

Nerol økologiske andelshage ligg midt i Holsbygda langs fylkesveg 50 i nærleiken av Holsfjorden. Andelshagen er bondestyrt og er ein del av drifta på garden som Marit Torsrud Nerol og Erling Nerol driv.
Som andelshaver er du med å dyrke eit godt utval av grønnsaker i heile sesongen. Du må delta med andelsarbeid.
Me har kalender med tidspunkt for andelsarbeidet og for sosiale samankomstar og "små kurs". Det gjer det lettare for alle å planlegge i god tid. Haustemeldingar blir sendt til deg kvar veke på intern facebook-gruppe eller på e-post. Du får hauste grønnsaker i 13-14 veker. Du får hjelp og rettleing til andelsarbeidet og til haustinga. Som andelshavar blir du kjent med andre som er interessert i grønnsaksdyrking og lære om økologisk grønnsaksdyrking. Me har pauser der me drikk te og me jobbar for å ha eit triveleg fellesskap.

Nerol Gard

Nerol Gard er ein av dei eldste gardane i Hol. Drifta på garden er økologisk og me er debiogodkjent. Me har ca 60 Gammalnorske spælsauer på garden. I tillegg til andelshagen, blir det dyrka ca 2 daa med poteter. I 2020 starta me og med med ein liten salshage ved sidan av andelshagen. Det vil me også ha i 2021 og frå salshagen sel me grønnsaker direkte til kundar frå garden og gjennom REKO-ringen Hallingdal. Me er oppteke av kretsløp og brukar kompostert sauetalle som gjødsel i hagen. Det er viktig for oss å lære meir om jorda for å få best mogeleg jordhelse. Me er oppteke av å dyrke og å drive rasjonelt og bærekraftig. For oss er grunnlaget i drifta dei fornybare ressursane på garden med dyrka jord, innmarksbeite, utmarksbeite og fiskevatna me har.

Prisar for andelar og timar andelsarbeid i 2021

-1 andel kostar kr 2500 passar for 1-2 personar
-Haustemelding kvar veke og du kan hauste grønnsaker i 13-14 veker
-10 timar andelsarbeid
-Påmelding innan 1. april