Ørsta Andelsgard SA
6156 Ørsta
Føremålet til Ørsta Andelsgard er å produsere økologisk dyrka landbruksvarer etter andelshavarane sine ynskjer. Andelsgarden vart stifta i 2016, og startar dyrkinga i 2017. Andelsgarden har inngått avtale om leige av jord i Follestaddalen, 10 km frå Ørsta sentrum. Me ynskjer å skape eit miljø der terskelen er låg for å vere med.
I Ørsta Andelsgard dyrkar vi i 2021 nesten 2 dekar grønsaker, og det vil vere noko å hauste frå slutten av mai til oktober. Åkeren er i Follestaddalen, omlag 10km frå Ørsta sentrum. Kvar veke vert det sendt ut haustemelding, og andelshavarar kan kome i åkeren og hauste sin del. Heile arealet vert dyrka i fellesskap, og grøda vert likt fordelt mellom dei andelshavarane som hentar sin del gjeldande veke. Det som ikkje vert henta, går tilbake inn og vert fordelt på nytt neste veke.
Vi legg opp til sosial samvær i åkeren, felles dugnadar og kos rundt bålpanna. Alle andelshavarar har tilgong på ei lukka facebook-gruppe, der haustemeldingar og informasjon vert lagt ut. Her er også bilete og diskusjon, matoppskrifter og idéar. Det sagt, så treng ein absolutt ikkje ha facebook-konto for å vere med å dyrke grønsaker! Alle er velkomne, store og små, gamle og unge.
Ørsta andelsgard er organisert som eit samvirke, dvs at alle betalande medlem har stemmerett på årsmøtet, som vert halde i starten av februar. Der skal budsjett og dyrkningsplanar leggast fram, alle medlem har høve til å kome med ynskjer om kva vi skal dyrke.
Kvart år fortsett utviklinga av andelsgarden vår. Vi skal halde det opparbeidde arealet fruktbart til dyrking, bygge utedo og samlingsplass, legge tilrette for meir innsekt- og fugleliv og fortsette arbeidet med ein BarneHage der barna kan dyrke som dei vil, ha ein fristad og leikeplass. Men først og fremst skal vi ha kjekke stunder saman i åkeren.
Har du lyst til å lære å dyrke, eller utvikle ei allereide eksisterande interesse? Lyst på jord under neglene, ferske grønsaker i munnen og å dele dyrkningsglede?
Bli med i Ørsta andelsgard

Andelshagebruket Røed på Jeløy
Andelslandbruk Enga

Austrått andelsjordbruk

BAKKEN ANDELSGÅRD

Bamble andelsgård

Bjørkedalen andelslandbruk

Bodø Andelslandbruk

Brånås Andelsgård

Dale Store gård

De Haes andelslandbruk

Dine Røtter AS
Druehagen Gård

Dun andelslandbruk

Dysterjordet andelslandbruk
Egge museum andelslandbruk

Eidsvoll Andelslandbruk

Eikanes andelshage

Falang andelsgård

Fornebu samdyrkelag

Frilund Gård

Gjerdsbakkane

Gjerstad andelslandbruk

Grette andelsgård

Hadeland andelslandbruk

Hals Andelsgård

Haugneset andelsgård
Hima-Grønt
Holt Gård i Undrumsdal

Husebyjordet andelslandbruk

InnomHaug Andelslandbruk

Kirkeby andelslandbruk

Kirkeparken Samdyrkelag

Kirkerud Andelsgård

Kristiandsand andelslandbruk

Langekjenngård

Langesøy

Lillestrøm samdyrkelag

Linderud andelsgård

Local Buzz Andelsbirøkterlag

Lyngdal Andelslandbruk
Lystadmoen andelsbruk

Lønning Lutlandbruk

Løren samdyrkelag

Mandalen Andelslandbruk

Markedshagen på Dokka

Medalhus Andelslandbruk

Moland andelslandbruk
Nerol økologiske andelshage

Nes Andelsgård

Ommang Søndre andelslandbruk

Opaker Gård i Solør

Oppetveiten økologiske gård

Osternes Andelslandbruk

Reppe Søndre

Røst andelslandbruk

Såkroken samdyrkelag

Sandnes andelslandbruk
Skarsmoen gård

Solbakken andelsgård

Solbakken på Berg andelsgård SA

Solberg andelsgård

Solneset Andelsgård

Spiren andelslandbruk

Strandabruket Andelsgard

Svanhovd andelslandbruk

Sverdstad andelslandbruk

Sylling andelslandbruk

Sø-Strøm Gård

Sørgarden Stangnes

Tutturen Gård

Tveten andelsgård

Vaar gård

Vestern Andelslandbruk SA

Vie Andelslandbruk SA

Viker Røed andelsbruk

Vikhammer Andelsgård SA

Virgenes andelsgård

Voksenenga nærmiljø- og andelshage

Ødeverp andelsgård

Ørsta Andelsgard SA

Øver-Bakken andelslandbruk

Øverland andelslandbruk

Ådland andelslag

Ål Markedshage
