Osternes Andelslandbruk
5419 Fitjar
Bor du på Vestlandet og er opptatt av landlig liv, dyrevelferd og kortreist mat? Hos oss på Tuftaland, to timer sør for Bergen med buss+ferge, kan du få ta del i et spennende andelslandbruk i naturskjønne omgivelser. Vi er godt over middels opptatt av matens reise fra naturen til spisebordet, og deler gjerne kunnskaper og erfaringer! Vårt tradisjonsrike fiskerbonde-småbruk har vært i familien i generasjoner. Noe er modernisert, men på mange måter driver vi på gammelt vis. Som andelshaver kan du følge din egen spælsau eller mangalica-gris og ta del i aktiviteter på gården, som for eksempel dyrking av grønnsaker og høsting av ressurser fra naturen: fiske, sopp, bær og andre ville vekster, samt foredling av mat. Om du trives hos oss finnes det gode muligheter for overnatting (i et av to bolighus på gården). Ta gjerne kontakt for mer informasjon – og kom på besøk for å se hvordan vi har det! 💛 Del også gjerne med noen du kjenner som kan være interessert!
Utklipp frå fitjarposten.no:
I Osterneset kan ein møta Gråfrid, Rånni, , Rosa og mange fleir.
Har du lyst å eiga ein kvart gris, eller kanskje eitt lam? Då er Osternes Andelslandbruk noko for deg.
Ekteparet Sigrid Fangel og Nils-Andreas Brekke har i mange år drive med landbruk, men med full jobb på begge to såg dei at dei kunne hatt god hjelp i nokre hender til i arbeid.
– Tradisjonelt var det mange folk på ein gard, og ein rekker ikkje over alt med berre to par hender. Me fekk eit «aha» augeblikk, og inspirert av delingsøkonomien fann me ut av andelslandbruk var noko for oss, fortel Fangel.
Andelslandbruk har vorte stadig meir populært dei siste åra, og går ut på at bønder og forbrukarane samarbeider. Dermed vert risiko, ansvar, arbeid og avling delt, og det gjev ei kortare verdikjede.
– Tidlegare har det vore grønsaker ein produserer i andelslandbruk, men Vestlandet er ikkje heilt optimalt for grønsaksdyrking. Når Norsk Landbruksrådgiving Vest laga eigne modellar for korleis Vestlandsbønder kan organisera andelslandbruk med ting betre egna å produsera her som kjøt, skog, ville vekstar, fisk og bær heiv me oss med.
– Me har hatt sau i mange år, so grisene er det nyaste tilskotet på garden, samt me tenkjer på å skaffa oss høner. Ullgrisrasen Mangalitsa er ein sakteveksande rase, og gjev utruleg flott kjøt. Me treng ikkje å pløya når me har desse her, ler Fangel.
Mangalitsasvin kan gå ute heile året, og ser ut til å lika seg svært godt på Tuftaland. Mykje godlydar vert laga når matmor gjev dei gamalt brød og overmodne grønsaker frå Rema1000. Mat som elles ville vorte kasta.
– Uttrykket alt går i grisen kan me skriva under på, smiler Fangel.
Ho fortel at dei ikkje har byrja å selja andelar heilt enno, men at dei har folk som er interesserte både frå Fitjar, Stord og Bergensområdet.
– Me ynskjer at dei som kjøper ein andel jobbar 20 timar hos oss. Det kan vera å hjelpa til med grisestell, gjerdeflytting, slåtten eller andre gardsoppgåver. I tillegg til stell av dyra kan dei få vera med på sopp-tur, frukt og bær-hausting og foredling, fortel Fangel. Vi dyrkar også grønsaker og poteter.
For ekteparet er det ikkje noko nytt at «fremmande» skal koma å hjelpa til på garden. Dei var nemleg med i det verdsomfattande frivillig programmet «World Wide Opportunities on Organic Farms (WWOOF)» tidlegare.
– Ja me var med i WWOOF i 2 år, og hadde frivillige i frå heile verda til å hjelpa oss på garden mot kost og losji. Det var veldig sosialt, og me har mange artige historier frå dei åra, ler Fangel.
Ho fortel at det var kjekt å vera med i programmet, men at det tok mykje tid. Ein vart nemleg fort sitjande nokre timar rundt kjøkkenbordet å prata med gjestene i frå alle verdshjørne.
– Då passar andelslandbruk oss betre. Me får lov til å gje folk ei grøn, miljøvennleg oppleving. Det vert jo ei slags form for gardsturisme, og me har hus med sengeplassar om det skulle kome andelseigarar langvegs frå, fortel Fangel.
Ekteparet er opptatt av det kortreiste, og et stort sett mat dei har produsert, fanga, dyrka eller plukka sjølv.
– Me vurderte å driva økologisk, men tenkjer at økologisk kraftfôr laga av soya frå Brasil ikkje vart særleg berekraftig.
I framtida håpar Sigrid Fangel at dei kan få seg produksjonskjøkken i ein av bygningane på garden.
– Ja me har søkt om stønad til å laga oss eit produksjonskjøkken. Me ser at folk nyttar meir og meir fabrikkert mat, og har mista kunnskapen om korleis konservera og laga mat frå til botnen av. Eg har veldig lyst til å arrangera kurs for folk, læra dei at det ikkje tek lang tid å laga mat om ein berre har planlagt litt, fortel ho med eit smil.

Andelshagebruket Røed på Jeløy
Andelslandbruk Enga

Austrått andelsjordbruk

BAKKEN ANDELSGÅRD

Bamble andelsgård

Bjørkedalen andelslandbruk

Bodø Andelslandbruk

Brånås Andelsgård

Dale Store gård

De Haes andelslandbruk

Dine Røtter AS
Druehagen Gård

Dun andelslandbruk

Dysterjordet andelslandbruk
Egge museum andelslandbruk

Eidsvoll Andelslandbruk

Eikanes andelshage

Falang andelsgård

Fornebu samdyrkelag

Frilund Gård

Gjerdsbakkane

Gjerstad andelslandbruk

Grette andelsgård

Hadeland andelslandbruk

Hals Andelsgård

Haugneset andelsgård
Hima-Grønt
Holt Gård i Undrumsdal

Husebyjordet andelslandbruk

InnomHaug Andelslandbruk

Kirkeby andelslandbruk

Kirkeparken Samdyrkelag

Kirkerud Andelsgård

Kristiandsand andelslandbruk

Langekjenngård

Langesøy

Lillestrøm samdyrkelag

Linderud andelsgård

Local Buzz Andelsbirøkterlag

Lyngdal Andelslandbruk
Lystadmoen andelsbruk

Lønning Lutlandbruk

Løren samdyrkelag

Mandalen Andelslandbruk

Markedshagen på Dokka

Medalhus Andelslandbruk

Moland andelslandbruk
Nerol økologiske andelshage

Nes Andelsgård

Ommang Søndre andelslandbruk

Opaker Gård i Solør

Oppetveiten økologiske gård

Osternes Andelslandbruk

Reppe Søndre

Røst andelslandbruk

Såkroken samdyrkelag

Sandnes andelslandbruk
Skarsmoen gård

Solbakken andelsgård

Solbakken på Berg andelsgård SA

Solberg andelsgård

Solneset Andelsgård

Spiren andelslandbruk

Strandabruket Andelsgard

Svanhovd andelslandbruk

Sverdstad andelslandbruk

Sylling andelslandbruk

Sø-Strøm Gård

Sørgarden Stangnes

Tutturen Gård

Tveten andelsgård

Vaar gård

Vestern Andelslandbruk SA

Vie Andelslandbruk SA

Viker Røed andelsbruk

Vikhammer Andelsgård SA

Virgenes andelsgård

Voksenenga nærmiljø- og andelshage

Ødeverp andelsgård

Ørsta Andelsgard SA

Øver-Bakken andelslandbruk

Øverland andelslandbruk

Ådland andelslag

Ål Markedshage
