Spiren andelslandbruk

Spiren andelslandbruk starta opp i 2014 og har hatt ein allsidig produksjon så langt. Vi dyrker reddik, nepe, mangold, rødbete, løk, kål, gulrot, poteter, erter, bønner, squash, urter og bringebær. Alt er sjølvsagt økologisk. Frå 2020 har vi etablert drivhus, der vi dyrkar tomat og agurk. Medlemmane våre kjem både frå Sykkylven og Ålesund.

Spiren ligg vakkert til på Tandstad i Sykkylven. Vi har eit styre som tek seg av ein del planlegging samt den økonomiske drifta. Laget er basert på mykje dugnad, men bøndene tek ansvar for å ale opp plantene og legge til rette for ei effektiv drift. Etter få år har vi endå mykje å lære, og gjer stadig endringar og forbetringar i måten å drive laget på.